Nasjonal fagkonferanse 2022:
REISE

Konferanse for kulturforskarar 19. - 20. september 2022, Balestrand

Reiseverksemd – frivillig, under tvang eller for opplevinga si skuld – er uløyseleg knytt til menneskets liv, kultur og historie. Reiser er mangfaldige og djupt personlege. Teknologiske og økonomiske utviklingar har knytt verda saman og ført til endringar av ferdselsårer, reisemål og tidsbruk, frå handelssleper og jektefart, stølsferd og arbeidsvandring til dagsmøte i europeiske hovudstader og ovale storbyhelger. Endra reisemønster har ført til fysiske endringar i lokalmiljø, og på internett spirer ein ny global kultur fram.


Vilkåra for kva som motiverer reiser har endra seg. Lystprega reiseaktivitet står i kontrast til uvilla reiser. Krig, konflikt og ressursmangel har ført folk over hav og over landegrenser. Utvandringar og slavehandel har verka inn på folk sine livsvilkår. Både gamle og nye diasporasamfunn har særeigne kulturar og kulturuttrykk på grunn av reisa som er gjort. Dagens globale migrasjons- og flyktningkrise har også politiske konsekvensar som destabiliserar og utfordrar tilhøva mellom nasjonar. Mange reiser for eit betre liv – men kven er expat, og kven er migrant?


Det er ikkje berre vi menneske som reiser. Varer, gjenstandar, visuelle utrykk, forteljingar, idear og meiningar har reist, i rom og i tid. Dei har blitt nye, gjenbrukte eller vidareutvikla. Forteljingar om reiser har blitt til mytologi og segner. Litteratur, radio og film har skildra reiser, frå dei eldste historier til moderne science fiction. Fantasien har gjeve oss eit høve til å reise mentalt, til stader både i og utanfor den fysiske verda. Med den digitale utviklinga har vi høve til å gjere omtrent det same gjennom ein skjerm.


Det kan også vere andre måtar å snakke om reiser på som ikkje nødvendigvis handlar om konkrete reiser eller reisande. Reise har ein så tydeleg plass i menneska sitt liv at det også vert brukt som ein metafor, til dømes om erfaringar der vi personleg har vore gjennom ein endringsprosess.


Sjølve ideen om reise har skapt eit skilje, og ein ulikskap mellom dei som reiser og dei som er bufaste. Årsak, framkomstmiddel og oppleving av reise har endra seg gjennom tida. Reisa har vore med på å fortelje og skrive historie, men er også med på å skape vår historie.


I dei siste åra fram til 2019 har reiser hatt stor merksemd i norsk og internasjonal media, kanskje spesielt med negativ forteikn. Etter ti år med nær uavbrote vekst har verdas reiseverksemd som følje av Covid 19, møtt sitt største hinder i nyare tid. Forutan det altomfattande nedslagsfeltet pandemien har hatt på samtidas liv og kultur, vil mange av framtidas menneske sjå pandemiåra under eitt – definert av sjukdommen. Vil reisene som spreidde viruset bli ei forteljing på same måte som skipet til Bjørgvin i 1349?


Samfunnsdebatt og akademisk diskurs knytt til reiseliv har no møtt ei uventa hending som vil endre perspektiv, tene som historisk ankerfeste, belyse globale strukturar og engasjere nye stemmer. Etter fleire år med samtaler om berekraftig destinasjonsforvalting og flyskam, conscious tourism og tourism fatigue, globale nomader og workations, har vi no ei ny røynd – som reiser nye spørsmål om gamle tema.


Forening for kulturforskning sin fagkonferanse i 2022 ynskjer å rette merksemd mot korleis kulturforskarar brukar reiser som kjelde til kunnskap og problematiserer reise i eit historisk og samtidig perspektiv. Folkloristar og etnologar, kulturhistorikarar og kulturvitarar, museologar og andre interesserte vert med dette invitert til å sende inn abstract innan 15.juni 2022.


Arrangør: Musea i Sogn og Fjordane og Forening for kulturforsking

Program
Måndag 19.9.2022
11.00 -12.00 Registrering, Kviknes hotell
12.00 -12.45 Lunch, Kviknes hotell
12.45 -13.00 Velkommen ved leiar i Forening for kulturforskning Line Førre Grønstad og
adm.dir. for Musea i Sogn og Fjordane Jan Heggheim (Kviknessalen)

13.00 - 13.45 Keynote 1 (Kviknessalen)
BJARNE ROGAN Reisen i Norge – materialitet og forestillinger

13.45 - 14.00 Pause /praktisk informasjon

14.00 - 15.15 Parallell sesjonar 1
1A) ENDRANDE REISER (Marie Nicolaisen leier sesjonen)

UNNI TANDBERG - Studiereiser og klassereiser. Førstegenerasjonsakademikere på

reisefot.

THOMAS WALLE - Et krus på reise

KRISTINE NESS - Å reise til Bergen for å tene som amme

1B) REISELIV OG STADSIDENTITET (Kyrre Kverndokk leier sesjonen)
AUDUN KJUS - Gulatingstedet. Om den kollektive skapningen av et litterært og historisk reisemål.
BJØRG EVA AASEN - «Reiseliv og nasjonalbygging - to perspektiver».
EVA REME - Møtet mellom turister og lokalbefolkning.
---
15.15 - 15.30 Kaffepause

15.30 - 16.45/17.00 Parallellsesjonar 2
2A) BÅTREISER (Thomas Walle leier sesjonen)
TERJE PLANKE - Skyss med robåt
ANNE KRISTIN MOE - Til byn med ved og jenter: Den vestlandske jektefarten.
HEIDI RICHARDSON - Hverdagens ferjereiser

2B) UVENTA OG FRAMAND? (Karen Lykke Syse leier sesjonen)

BJØRN SVERRE HOL HAUGEN - Mannlege budeier på setervegen
KAREN LYKKE SYSE - «At norsk gjæstfrihed er ikke nogen handelsvare»: Om uanmeldte og ubudne gjester i fjell og dal 1830-1900.
TOVE INGEBJØRG FJELL - Den siste reise
--

18.00- 20.00 Kulturvandring i Balestrand og foredrag med film frå Kviknes hotell.
Ved Norsk Reiselivsmuseum og Sigurd Kvikne.
Oppmøte resepsjonen.

20.00 Felles middag på Kviknes hotell

Tysdag 20.9.2022
09.00 -10.40 Parallellsesjonar 3
3A) EI REISANDE VERD (Anne Kristin Moe leier sesjonen)
KIRSTEN LINDE - Sirkus en reisende verden
MARIE NICOLAISEN - Frå "svarteste Afrika" til Førde i Sunnfjord
UNNI TANDBERG - Lendestovas reise fra heimahus på Jæren til museumsgjenstand på Bygdøy
IDA TOLGENSBAKK - Uønskete, urene og umulige reiser. Et innlegg om transnasjonale familier og reisens symbolske betydning under koronapandemien.

3B) PILEGRIMSREISER (Line Førre Grønstad leier sesjonen)
HANNAH KRISTINE LUNDE - «Pilegrim over sjø og land»: saktereiser i historiske fotspor og farvann
ANJA HYSVÆR LANGGÅT - Sydenferie eller politisk pilegrimsferd? Fotograf Edith Waages reiser til Romania på 1960- og 70-tallet.
KYRRE KVERNDOKK - Pilegrimer og hærmenn: NS på Stiklestad 1934
TORUNN SELSBERG - Pilegrimsreisen som turistpakke

10.40 - 11.00: Kaffepause

11.00- 11.45 Keynote 2 (Kviknessalen)
AGNES BRUDVIK ENGESET Store tankar i små bygder – Norsk distriktsreiseliv

11.45 -12.45 Lunsj

12.45 -14.45 Plenumsesjon REISER I NORD (Thomas Walle leiar sesjonen)
JANICKE C. KAASA Reisende tekster: Norden for norsk-amerikanske lesere
ALEXANDRE SIMON- EKELAND og LENE LIEBE DELSETT - Å bestille en hval
ULRIKE SPRING og JOHAN SCHIMANSKI - Å reise til Arktis: Gjenstander som grensemarkører

14.45– 15.00 Presentasjon av SAMLA
15.00 – 16.00 Sjå utstillingane på Norsk Reiselivsmuseum
16.00 Suppe på Reiselivsmuseet og vel heim

Med atterhald om endringar i programmet.
PÅMELDING

Det er ikkje lengre høve til å melde seg på konferansen. 


Hugs at du må vera medlem i Forening for kulturforskning for å delta på konferansen. Medlemskap i foreininga teiknar du her


Påmeldingsfrist: 15.august 2022

Har du spørsmål kan desse sendast på e-post til: Anne Kristin Moe

Praktisk informasjon
Konferansen er på Kviknes Hotell og Norsk Reiselivsmuseum, som ligg vegg i vegg i bygda Balestrand, om lag ein time utanfor Sogndal.

Transport
Du kjem lettast til Balestrand via Sogndal, med fly, buss eller bil.

Fly
Widerøe flyg frå Bergen og Oslo til Sogndal lufthamn Haukåsen.

Vi sett opp buss frå Sogndal lufthamn Haukåsen via Sogndal sentrum til Balestrand måndag kl. 9.30. (Tilpassa ankomst fly frå Oslo og Bergen).

Tysdag går det rutebuss frå Balestrand til Sogndal kl.18.15 (Flybuss frå Sogndal sentrum til Sogndal lufthamn Haukåsen kl.20.05, for deg som skal ta fly til Oslo kl.21.05.)
Det går også buss frå Balestrand kl.15.50, med korresponderande flybuss, for deg som skal ta fly til Bergen kl.18.45.

Buss
Vy har fleire bussavgangar til Sogndal frå Oslo og Bergen. Fleire avgangar korresponaderar frå Sogndal til Balestrand. Sjekk skyss.no


Båt
Norled har snøggbåt frå Bergen direkte til Balestrand.

Bil
Om du kjem med eigen bil, merk at det er ferge mellom Hella og Dragsvik - sjekk rutetidene.

Frå Førde
Det er også høve til å kome seg til Balestrand frå Førde. Sjekk korrespondanse frå Førde til Balestrand på skyss.no


Overnatting
A) Kviknes hotell
Rom & Frukost: kr 1030 per person i dobbeltrom og kr 1355 per person i enkeltrom. Bestilling av rom: booking@kviknes.no med ref.nr. 975257 innan 29.08.2022.

B) Du kan tinge rimelegare overnatting på Balestrand Hotell til kr 500,-per person i dobbeltrom og kr. 800,-per person i enkeltrom. Bestilling av rom på Balestrand Hotel gjerast også pr. e-post til booking@kviknes.no med ref.nr. 975257 innan 29.08.2022.


Made on
Tilda